Skip to main content

Ofte stilte spørsmål om nynorsk

Her gir vi deg svar på det mange lurar på om nynorsk.

Du kan også se en bokmålsversjon på denne siden.

Kva er nynorsk?

Nynorsk er eit skriftspråk som byggjer på dei norske dialektane. Nynorsk er offisielt likestilt med bokmål, og denne likestillinga skriv seg tilbake til eit stortingsvedtak i 1885 – ofte kalla jamstillingsvedtaket. I dag er likestillinga mellom nynorsk og bokmål slått fast i språklova.

Kven «fann opp» nynorsk?

Ivar Aasen (1813–1896) har fått tilnamnet «nynorskens far». Han brukte mange år av livet på å reise landet rundt og samle prøver av talemåla, som han igjen kunne bruke som grunnlag for å etablere ein felles skriftnormal for desse.

Her lèt vi Ottar Grepstad gjere ei viktig presisering: «Ivar Aasen fann ikkje opp eit språk. Han skapte ikkje eit språk. Han laga ikkje eit språk. Ivar Aasen fann eit språk. […] Han fann eit mønster i dei talemåla som var i bruk i landet kring midten av 1800-talet. Han viste samanhengane mellom desse talemåla, påviste ei mange hundre år lang linje frå norrønt språk til samtida og gjorde det klinkande klart at norsk var eit sjølvstendig språk på linje med dansk og svensk.»

Kor mange skriv nynorsk?

Svaret kjem an på korleis du reknar, og på kva du eigentleg meiner med spørsmålet. Lurer du på kor mange som berre skriv nynorsk, kor mange som skriv nynorsk til vanleg, kor mange som skriv nynorsk på jobben eller privat, eller kor mange som skriv nynorsk ein sjeldan gong? I mange tilfelle kan det vere vanskeleg å finne eksakte tal, men vi kan gi deg ein peikepinn: 

Ifølgje Grunnskolens informasjonssystem har i overkant av 70 000 grunnskuleelevar nynorsk som hovudmål (per 2025). Det svarer til drygt 11 prosent av det samla elevtalet. 

For befolkninga generelt viser ei undersøking frå Riksmålsforbundet at til saman 590 000 innbyggjarar over grunnskulealder bruker nynorsk i private samanhengar. Rundt 350 000 av desse bruker «som regel nynorsk», medan rundt 240 000 bruker nynorsk og bokmål «omtrent like mye». Desse tala er frå 2014 og samsvarer mykje med den tilsvarande undersøkinga frå 2005.

Kvar snakkar dei nynorsk?

I utgangspunktet reknar vi nynorsk for å vere eit skriftspråk, ikkje eit talemål. Likevel er det fullt mogleg å normere talemålet sitt i samsvar med rettskrivinga – dette er det vi kallar normaltalemål, og det kjenner du kanskje til frå nyheitssendingar, teaterframsyningar og så vidare. Med tanke på kvar dei store redaksjonane og teaterscenene i landet er plasserte, er det faktisk ikkje heilt urimeleg å gå ut frå at det er i Oslo vi finn dei fleste som snakkar normert nynorsk.

Men nynorskbrukarar flest snakkar altså dialekt. Omgrepet nynorskbrukarar viser derfor som oftast til dei som skriv nynorsk – og nynorskbrukarane finst i heile landet. Størsteparten høyrer til i dei såkalla nynorske kjerneområda – det vil seie i dei områda der ein stor del av skuleelevane har nynorsk som hovudmål, og der nynorsk elles er mykje brukt i lokalsamfunnet. Desse områda samsvarer langt på veg med nynorskkommunane. Mange av desse ligg på Vestlandet (Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland), men vi finn også 24 nynorskkommunar på Austlandet (Innlandet, Buskerud, Telemark) og i Agder.

Kva er ein nynorskkommune?

Ein nynorskkommune er ein kommune som har gjort eit såkalla språkvedtak om at staten skal bruke nynorsk i skriftleg kommunikasjon med kommunen. Dette gjeld om lag ein fjerdedel av alle kommunane i landet. Som regel er det samsvar mellom kva språk kommunen sjølv bruker i administrasjonen, og kva språkvedtak kommunen har gjort.

Vi kan også bruke mindre formelle definisjonar av kva ein nynorskkommune er. Til dømes er hovudkriteriet for medlemskap i Landssamanslutninga av nynorskkommunar at kommunen «gjer bruk av nynorsk i skulen og/eller administrasjonen».

Kva for nokre kommunar er nynorskkommunar?

Ser vi på kva språkvedtak kommunane har gjort, kan vi rekne i underkant av 90 kommunar – inkludert fylkeskommunane Vestland og Møre og Romsdal – for å vere nynorskkommunar. Dette talet samsvarer i stor grad med medlemstalet til Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Oppdaterte opplysningar om kva kommunar som er nynorskkommunar, finn du på Språkrådet si liste over språkvedtak.

Kva er forskjellen på nynorsk og sidemål?

Nynorsk er eit skriftspråk, medan sidemål er det skriftspråket du lærer på skulen etter at du har byrja å lære hovudmålet ditt. Sidemål kan altså vere nynorsk, men det kan også vere bokmål. Om lag 11 prosent av elevane i grunnskulen har nynorsk som hovudmål – det vil seie at dei har bokmål som sitt sidemål.

Kva er landsmål?

Landsmål er det tidlegare namnet på skriftspråket vi i dag kallar nynorsk. I 1929 vedtok Stortinget at dei to likestilte skriftspråka våre skulle heite bokmål og nynorsk.

Kvifor har vi to skriftspråk?

Årsakene til at språksituasjonen er som han er i dag, ligg i historia. Då Noreg braut ut av unionen med Danmark i 1814, var det framleis dansk som var skriftspråket i Noreg. Mange meinte vi burde ha eit eige skriftspråk, men det var ulike syn på både kva prinsipp og kva metode som skulle liggje til grunn. Etter kvart var det to ulike retningar som slo gjennom: Den eine gjekk ut på å ta utgangspunkt i dansk og gradvis fornorske det – denne retninga førte fram til det vi i dag kallar bokmål. Den andre gjekk ut på å reise eit nytt skriftspråk med dialektane som grunnlag – altså det vi i dag kallar nynorsk.

Sidan jamstillingsvedtaket i Stortinget i 1885 har dei to skriftspråka vore likestilte. Du kan lese meir om den norske språkhistoria og framveksten av nynorsk og bokmål hos NDLA.

Kva er forskjellen på eit skriftspråk og ei målform?

Nynorsk og bokmål blir omtalte både som målformer og som skriftspråk. I den gamle mållova var det målform som var brukt, medan den nye språklova held seg til skriftspråk.

Treng vi nynorsk?

Ja, det gjer vi. Nynorsk er ein viktig del av kulturarven vår, og det er kvardagsspråket til hundretusenvis av innbyggjarar i Noreg – som bør ha rett til å bruke språket sitt på alle samfunnsområde. Nynorsk er derfor ikkje noko vi kan kvitte oss med, og det er heller ikkje rett å trykkje det ned. Snarare tvert imot: Vi bør vere stolte av språkmangfaldet og den språklege likestillinga. 

Eit godt råd: Spør ikkje kva nynorsken kan gjere for deg – spør heller kva du kan gjere for nynorsken. (Eller kva vi kan gjere for både deg og nynorsken.)

Kan eg krevje å få svar frå kommunen på nynorsk?

Nei, men fylket og staten pliktar å svare deg på nynorsk dersom du ønskjer det. Du kan lese meir hos Språkrådet om kva rettar du har etter språklova.

Fant du ikke svaret? Send oss en This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. med spørsmålet ditt.